29. januar 2009

Kokkeskulen 2.0?


Los Angeles Times melder, litt indignert, at det nok ein gong vart ein nordmann som vann Bocuse d'Or, gjerne omtala som kokke-VM. Trass eitt års førebuingar med eigen assistent og eit budsjett på $500.000, vart amerikanaren "berre" sjettemann. To land har vunne 10 av dei 12 åra konkurransen har funne stad: Frankrike - og Noreg. Årets vinnar, Geir Skeie fortel vidare at sigeren kom etter usselege 35 repetisjonar av vinnarmenyen. Franske mat-kjennarar har hevda (kanskje òg litt indignert) at årsaka til Noregs stadige koke-sigrar (EM, VM, OL) ligg i våre suverene råvarer (altså matvarene), snarare enn lidenskap og kunnskap.

Målt i utmerkingar, og ikkje i utskjelte vegkro-menyar eller restaurantvanar, er me altså ei gourmet-stormakt. Korleis kan dette ha seg? Er matfaga i ferd med å bli toppidrettsfag fulle av Bocuse-kandidatar? Dette måtte eg berre vite meir om, og tok turen på nettet:

Bransjeorganisasjonen NHO Reiseliv markerer sjølvsagt nok ein mat-siger, og meiner praksisretting er rett skuleveg å gå ved å tilby partnerskap mellom skule og næringsliv, populært kalla Kunnskapsløftet 2.0. Det - for meg - nye begrepet virkar etter (googling) å vera lansert av kunnskapsministeren m.a for å møta ein bekymringsverdig OECD-rapport frå sist haust om fråfall (dropout) i yrkesfaga. NHOung tilbyr forresten læringsressursar som spelet Pizza Prego (frå 2005, passar t.d for Entreprenørskap, Markedsføring, Service og Samferdsel) og sjølvsagt ei Facebook-gruppe.



Ein av skulane som samarbeider tett med næringslivet i matfag, er Nannestad vgs. i Akershus. Skulen, som no vert lovprisa av NHO m.a for å dele sine erfaringar, hadde tidlegare store vanskar med fråfall - "Fra 40% til 0" er melodien idag. Lokalavisa Eidsvoll Ullensaker Blad kringkasta sist veke fleire gode døme (og god mat) i eit rikt illustrert oppslag over seks sider samt framsida!

Skulen imponerer òg med sitt læringssenter, ein slags fusjon av bibliotek, grupperom, IKT, studie- og yrkesrettleiing. Ressursar og tenester er flytta ut av kontor. Openheita virkar å gje eit moderne og inkluderande læringsmiljø, med IKT som ein slags katalysator. Eller som dei sjølve seier det:
en arena for læring, litteraturformidling og digital kompetanse.



Samarbeidet med næringslivet er sjølvsagt nevnt i skulens visjon
... å gi elevene det beste utdanningstilbudet med virkemider som realistiske læringsarenaer, samarbeid med næringslivet, og faglærere med spisskompetanse i sitt fag og evnen til å formidle sin kunnskap.
Og utviklingsarbeidet held fram, ifølge opne wiki-sider. Det skal bli spanande å sjå korleis integreringa av dei bærbare elev-PCane går. Og kanskje neste kokke-gull kjem til Nannestad, som vel har gode tradisjonar for edelt metall, om då ikkje amerikanarane lukkast med dollar-strategien i mellomtida.

0 kommentarer: