5. februar 2009

Brainify – Facebook for lærarar?

Det byrjar å dra seg til no. Medan m.a diglib (frå itslearning) og ndla jobbar med nye tenester for deling av gratis (t.d sjølvlaga) læringsressursar, er utanlandske krefter allereie i sving. Ja, her heime er det nesten berre dei som deler som manglar ;-)



Gründeren av læringsplattformen WebCT (oppkjøpt av verdas største LMS-leverandør Blackboard for nokre år sidan) opna nyleg ein base for gratis læremiddel: Brainify.com. Her kan me som har vårt virke i skulen dele og finne lenker til gode ressursar. På ein måte litt Spotify, Delicious og Facebook på ein gong. Nøgde læremiddel-brukarar på begge sider av kateteret vert oppfordra til å ta del i det verdsdekkande arbeidet.

Sosiale nett-tenester, som dei nevnte, er avhengige av di og mi aksept, bruk og aktive deltaking om det skal ”ta av” og bli ei god teneste – og ei gullgruve for stiftarane. For å stimulere til det, har Brainify lagt ut ei gul(l)rot til lærarar og andre bidragsytarar. Aktive brukarar vert nemleg lova 30% av inntektene om det vert vidaresal av heile konseptet til andre, t.d Google.

Denne nye og interessante forretningsmodellen kan virka som eit sjansespel i desse tider, med finanskrise og påfølgjande investor- og annonsetørke. Jamvel Google merkar det, og det spørs kva verdi ei fritt tilgjengeleg bokmerkesamling over gratis læremiddel kan ha.

PS. I USA, der skulen har rikare delekultur enn i Noreg, viser ein rapport svært forsiktig auke innan gratis innhald dei komande 5 åra, ifølge emarketer.

0 kommentarer: