2. februar 2009

Digitalt overkompetent


Nye tenester på nettet kan ved første augekast virka som gode idéar (wow!), men litt tankeverksemd (What's in it for me?) endar for eigen del ikkje sjeldan med at den "gamaldagse" måten var betre.
Døme på ei teneste som burde vore overflødig er splicd.com. Her kan du enkelt utføra eit klipp frå ein youtube-film med tidskode for start og stopp. Utan noko pålogging, berre youtube-link og tidskodar. Med Firefox som nettlesar fekk eg òg fram koden for å bygge inn (embed) det nye klippet, noko som feila i Safari (på Mac). Tenesta er nok ikkje heilt i mål (sic!) - for å unngå eit stort kvitt felt under klippet måtte eg ta vekk HTML-koden med kreditering til splicd. Problemet kjem kanskje av layouten på denne bloggen og virkar fint hjå andre.

For ja, klippet over er utført med splicd. I original-klippet, publisert av markedsføringsmagasinet Advertising Age, innleiar ei "hallodame" i 40 sekund, noko eg gjerne ville spara dykk for. Men er slik kutting heilt uproblematisk reint åndsverksfagleg? Tippar uansett youtube kjem med både slik og anna støtte for videoredigering om ikkje lenge!

1 kommentarer:

Kjetil Bruvik sa...

... and here we go: http://www.aftenposten.no/forbruker/digital/nyheter/mobil/article2898378.ece