31. mars 2009

Mediedødens Månad Mars

Schibsted-leiar Kjell Aamot annonserte nyleg sin avgang, tilsynelatande utan dramatikk. Kommentarane frå fagrørsla i Aftenposten, VG og Schibsted Trykk derimot, sa det meste. Dei var samrøystes einige i at deira neste sjef må bli ein
"som jobbar for papiravisa".
Men det spørs om dei globale utfordringane i medieverda går over med ein papirglad sjef i Schibsted.


Mars 2009 vert omtala som mediedødens månad. Endring i folks medievanar dei siste 10 åra, kombinert med finanskrise og teknologinyvinningar, har kulminert med krise i medieverda. I bokbransjen har lesebrettet Kindle 2 frå Amazon og den endå større ebok-katalogen til Sony takka vera Google hausta lovord. Papiravisene tapar lesarar og annonsørar som aldri før, medan igitale kanalar er stadig i medvind. Gratis innhald på raske kanalar som nettaviser, bloggar og nettsamfunn er dét folk vil ha for tida, istaden for "gamle" nyhende på "tregt" papir.

Trass i mindre konsekvensar av finanskrisa i Noreg, merkar òg heimlege medier kombinasjonen av nedgangstider og endra medievanar.

Bergens Tidende (BT) seier opp over 100 tilsette, men "uten at det skal gå ut over kvaliteten" (konkurrenten BA spør retorisk om det faktisk er mogleg). BT-redaktør Trine Eilertsen fastheld satsinga på papiravisa og er påfallande tilbakelent i si analyse av situasjonen: "leserne er trofaste", BTs opplagsnedgang er jo marginal samanlikna med "andre". Enn så lenge, trur eg me kan legge til.

Samme kva redaktøren seier so BT satsar på dei nye kanalane. T.d med LokalLokal som er eigne nettaviser for bydelar og samarbeidande lokalaviser. Lesarane deltek etter dugnadsprinsippet (crowdsourcing på unorsk?) og får levere fullverdige saker og bilete i tillegg til m.a helsingar og kunngjeringar frå organisasjonslivet. Interessa for hyperlokale nyhende veks framover, og dette veit BT, men ikkje på papir.

BT kunngjorde òg avvikling av TV-kanalen BTV (tidlegare TVHordaland). Men ikkje heilt, ettersom mediehuset styrkar satsinga på web-tv både med nyhende - og Brann-stoff.

Å konkurrere mot gratis


Korleis desse tiltaka til BT kan styrka papirproduktet eller kompensera for fallande annonse- og opplagsinntekter er vanskeleg å sjå. Avisenes kamp mot den nye digitale økonomien og fallande spiral (synkande annonsemengde og synkande opplag heng saman) vert gjerne litt som å driva ei ferje etter at brua er på plass. Utanfor stovevindauget mitt gjer ei ferje akkurat det, og ho klarar seg, i alle fall til brua er nedbetalt og vert gratis, medan ferja framleis tek betalt.

Avisene vil gjerne ta betalt for nyhenda, men konkurrerar mot gratis, og har vanskar med å finne gode økonomiske modeller som kan redde drifta. Om dette tenkjer medieguru Clay Shirky det utenkjelege og har eit klart svar:
Nothing. Nothing will work. There is no general model for newspapers to replace the one the internet just broke.

Kanskje kan eit lesebrett (som Kindle) gratis til alle avis-abonnentar vera ei av løysingane for BT og andre papiraviser, i alle fall inntil vidare. Me har kanskje berre sett starten på finanskrisa, men me har i alle fall sett (starten på) slutten for papiravisa.

Meir frå mediedødens månad mars:

Første norske avisdød som følge av finanskrisa (eller papirkrisa?) fann stad i Østfold: Moss Dagblad og Halden Dagblad går inn.

Amazon lanserar applikasjon på Apples iPhone som gjer at ein kan lesa digitalbøker, aviser og magasin kjøpt på Amazon.com på mobilen, som om den var ein liten Kindle.

"Papirbøker har for store transaksjonskostnader", seier BI-professor Espen Andersen, og meiner at digital distribusjon er forskjellen som vil gje auka lesing, og lurer på om forlagsbransjen følger med i timen.

Men kva seier bokhandlarane? "The tipping point" (vendepunktet) er her snart, sa Bokhandlerforeningen allereie i fjor.

“Digital media are an essential part - not the whole - of new education”, twittra skule- og kreativitetsguru Sir Ken Robinson på veg til mediekonferanse i New York.

Merkevareprodusentar som Mars (bra timing!) har prøvd ut sosiale nettsamfunn og fått mykje merksemd, også negativ lada for å utnytta hypen omkring sosiale media utan å gjera det ordentleg.

Store amerikanske aviser er råka av konkursar, og fleire er venta. Andre sluttar med papir og vert nettaviser, ifølgje Wired.

I Berkeley, California har lokalavisa Daily Planet, riktignok ei gratisavis og ikkje der Supermann arbeider, tapt 20 millionar kroner over 6 år på eit årleg opplag på vel 20.000, fortel Alan D. Mutter.

"Å lese avis på nettet er meir miljøvenleg enn papir", seier Dear Science, som har rekna på det.

"Massemedia er død. Nå tar vi over."

Wired-redaktør og gratis-guru Chris Anderson fastheld sin Freemium-teori med ei blandinga av fritt og betaltbart innhald i avisene distribuert av bloggarar. Den nye boka heiter Free blir sjølvsagt gratis og spelar på begge tydingar av ordet: Fri som gratis, og fri som fuglen. Andersom kjem forresten til Noreg i april på INMAs Gulltaggen.

"Å trykkje New York Times på papir er dobbelt så dyrt som å gje alle abonnentar ein Kindle 2 gratis", seier Nicholas Carlson

"Kindle vil trena oss til å betala for det me les digitalt, som iPod/iTunes gjorde med musikk (og med mobilen kom ein marknad for ringelydar), minnar ireaderreview.com oss om.

PS! Trudde du at utan (papir)aviser forsvinn den undersøkjande journalistikken? Dorte Toft blogga seg fram til det me idag kjenner som IT Factory-saka, og kjem til Nordiske Mediedagar i Bergen i mai.

0 kommentarer: