Dag 1: det lyser raudt på blekkskrivaren Feilmeldinga tyder på mangel på blekk. Ettersom blekkpatronar ikkje alltid er tomme når dei seier dei er det, nullstiller eg blekkpatronene og sparar ein til butikken. Moderne blekkpatroner slurvar også med "best før"-datoen som er lagra på chipen. Dette gjer ubrukte patroner til ubrukelege om ein somlar med å bruke dei, kjøper fleire i slengen eller har handla på ein butikk med hyllevarmarar.
"Nullstillaren" kosta 80 kroner i France og har spart meg for 1000-vis, men eit tilsvarande (?) produkt er råd å skaffe i Noreg.
Dag 2: framleis raudt lys
Etter ymse forsøk med nedlasting og installering av drivarar (nettsida til produsenten var sjølvsagt nede) er stoda at PC-en har ein systemfeil som gjer at utskrift til lokal skrivar ikkje virkar. Skrivaren lyser framleis raudt.
Dag 3: grøn profil, grønt lys
Å skrive ut over 200 lause ark for å lese på senga virkar like uaktuelt som å lese på PC-en, både av praktiske og miljøvenlege årsakar. Som miljøbevisst heimekomposterande vil eg gjerne ivareta ryktet og bruke minst mogleg papir og blekk. "Utskrift av hefte" vert løysinga. Fiklinga frå gårsdagen gjer at opplegget er klart: det vert to forminska sider på kvar side av arka. Altså i alt vel 60 sider med utskrift i grått istaden for fargar.
Eg går over til den sju år gamle Mac-en og utskrifta er i gang på fem minutt. Når skrivaren er ferdig med framsidene av arka snur eg bunken, legg dei i arkmataren og skriv ut baksidene. Med plastperm rundt er heftet ferdig og klart til bruk.
Kvifor papir?
Skrifta vart liten. Eg gledde meg til senga, men kvidde meg til lesinga som enda på side 5. Det var då eg tenkte at alt styret med å få digitalt innhald tilbake på papir (!) for å få lest det, det må snart gå over.
Eg har unekteleg hatt tungt for det, for papiret og papirmedienes snarlege endelikt har me jo høyrt om før. Med ein smule bakgrunn frå avis, trykkeri og forlag, er det med tungt hjerte eg no omsider erkjenner at verksemder med over 100 års virke vil måtte gå under i lag med papirets synkande viktigheit, om ein ikkje klarar å fri seg frå inntekter knytta til papir.
Snart kan Amazons lesebrett Kindle vise pdf-dokumenta eg vil lese. Då går me til sengs. Papirlaust.
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar